Archosauria er ei gruppe virveldyr som omfattar to gjenlevande dyregrupper; krokodillar og fuglar. Dei utdøydde dinosaurane og flygeøglane vert òg rekna til gruppa.

Kjenneteikn Archosaurane vert definert ved fire hovudkaraktertrekk:

Tennene (om dei er der) er fest i gropar i hovudskallen, noko som gjer at dei er festa betre. Det er eit relativt stort holrom i kraniet mellom hola for nasebor og augeholer, noko som gjer at skallen vert lettare å bera. Dette er ei praktisk tilpassing både for enorme dyr som dinosaurane og for flygande dyr som fuglane og pterosaurane. Lårbeinet har ein utvekst kalla den fjerde trochanteren. Denne vert nytta hovudsakleg som muskelfeste. Små opningar i kjevebeina. Desse kan ha ein avgrensa effekt når det kjem til å redusera vekt.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Krypdyr