José de Sousa Saramago () var ein portugisisk roman- og novelleforfattar, dramatikar, lyrikar, essayist, omsetjar og journalist.

mini|Første romanen til Saramago, Terra do Pecado frå 1947.

Liv og virke Saramago fekk det internasjonale gjennombrotet i 1982 med romanen Memorial do Convento (Klosterkrønike), og vart tildelt nobelprisen i litteratur i 1998. Frå 1992 og fram til han døydde budde han på Lanzarote, ei av Kanariøyane. Saramago var medlem av det portugisiske kommunistpartiet frå 1969, han var ateist og skildra seg sjølv som pessimist. Oppfatningane hans har skapt store kontroversar i Portugal, spesielt etter utgjevinga av Jesusevangeliet.

Tilliks med Jesusevangeliet er mange av arbeida hans framstillingar av historiske hendingar i nye perspektiv. Saramago forsøkte å framheve den menneskelege faktoren bak hendingane i staden for å presentere den vanlege «offisielle» framstillinga. Nokre av arbeida hans kan også sjåast på som allegoriar.

Bibliografi Poesi Os Poemas Possíveis, 1966 Provavelmente Alegria, 1970 O Ano de 1993, 1975

Romanar og novellesamlingar Terra do Pecado, 1947 Manual de Pintura e Caligrafia, 1977 Objecto Quase, 1978 Poética dos Cinco Sentidos - O Ouvido, 1979 Levantado do Chão, 1980 Memorial do Convento, 1982 (Klosterkrønike, 1987) O Ano da Morte de Ricardo Reis, 1984 (Det året Ricardo Reis døde, 1998) A Jangada de Pedra, 1986 (En flåte av stein, 1989) História do Cerco de Lisboa, 1989 (Beleiringen av Lisboa, 1995) O Evangelho Segundo Jesus Cristo, 1991 (Jesusevangeliet, 1993) Ensaio sobre a Cegueira, 1995 (En beretning om blindhet, 1996) O Conto da Ilha Desconhecida, 1997 Todos os Nomes, 1997 (Alle navnene, 2001) A Caverna, 2001 (Hulen, 2002) O Homem Duplicado, 2002 (Den andre mannen, 2004) Ensaio sobre a Lucidez, 2004 (En beretning om klarsyn, 2005) As Intermitências da Morte, 2005 (Dødens uteblivelse, 2007)

Drama A noite, 1979 Que Farei Com Este Livro?, 1980 A Segunda Vida de Francisco de Assis, 1987 In Nomine Dei, 1993 Don Giovanni ou o Dissoluto Absolvido, 2005

Essay Deste Mundo e do Outro, 1971 A Bagagem do Viajante: crónicas, 1973 As Opiniões que o DL teve, 1974 Os Apontamentos: crónicas política, 1976 Viagem a Portugal, 1981 (Reisen til Portugal, 2001, reiseskildring)

Dagbøker Cadernos de Lanzarote: diário [1–5], 1994–1998

Bakgrunnsstoff Sjølvbiografi (frå nobelprize.org) Samleside på NRK.no

Nekrolog på Die ZEIT online, henta 31. mars 2012

Kategori:Portugisiske forfattarar Kategori:Portugisiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Portugisiskspråklege forfattarar