KV «Harstad» er eitt av skipa i den norske Kystvakta og det første i ein ny serie kystvaktskip. Desse er spesialdesigna for kystvakt- og bereiskapsoppgåver der ein har bygd på dei erfaringane ein har frå tidlegare, og då spesielt med KV «Ålesund», KV «Tromsø» og KV «Normand Trym». Skipet er utrusta for fiskerikontroll, tyngre slep og oljevern. I tillegg har ein bygd inn særskilde moglegheiter for redning av undervassbåtar.

Fartøyet er eit Rolls Royce/Ulstein Technology-design og vart bygd på Søviknes Verft i Haram på Sunnmøre.

KV «Harstad» vart kontrahert av reiarlaget Remøy Shipping og leigd til Kystvakta på 10-årskontrakt. Det var leiaren for Forsvarskomitéen på Stortinget, Marit Nybakk, som var gudmor for fartøyet ved dåpen 28. januar 2005.

4. februar 2005 tok Landsdelskommando Nord-Noreg over KV «Harstad» for å setje det inn i aktiv teneste i Nord-Noreg. Skipet tok over KV «Normand Trym» sin posisjon i den statlege slepebåtbereiskapen og har base på Sortland.

Bakgrunnsstoff Klargjering til dåp KV «Harstad» vert døypt Landsdelskommando Nord-Noreg tek over Skipsdesign hjå Rolls-Royce Marine

Kjelder Forsvarsnett

Harstad Kategori:Skip frå 2005