Halsa er ein tidlegare norsk kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Han omfatta dei tidlegare herada Halsa og Valsøyfjord, og i tillegg Engdal krins, som tidlegare høyrde til Aure herad. Kommunesenteret låg på Liabøen, mellom Vågland og Betna. Nabokommunar var Aure i nord, Hemne i Sør-Trøndelag i aust, Rindal og Surnadal i sør og Tingvoll i vest. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Hemne og delar av Snillfjord i Trøndelag til Heim kommune.
Den høgaste toppen i kommunen var Hjelmen.Aune, E.I., Kartlegging av biologisk mangfold (naturtyper) i Halsa kommune NTNU Vitenskapsmuseet, Rapport botanisk serie 2005-3.
Kjende folk frå Halsa Ingvar Hestnes, (1904–1990), spelemann Anne Karin Elstad, (1938–2012), forfattar Leif Halse, (1896–1984), forfattar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Halsa kommune
Kategori:Busetnader i Heim Kategori:Nordmøre Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Historie i Heim Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2020