Jobs bok er ei bok i Det gamle testamentet/Tanakh som handlar om prøvelsane til Job. Skrifta skil seg ut ved at ho blandar diktarisk tekst med forteljing.
Boka kan delast inn i tre delar: Kap. 1 og 2: forteljande prolog, Kap. 3-42:6: ein lang del med samtalar i poetisk form, Kap. 42:7-17: forteljande epilog.
Job er ein velståande mann. Djevelen prøver å få han til å slutta å tjena Gud ved å utsetta han for ulukker, slik at han blir sjuk og fattig. Tre venner, Elifas, Bildad og Sofar, kjem for å trøysta han. Dei meiner han må ha gjort noko gale slik at han no blir straffa med ulukker. Mot slutten av forteljinga kjem ein fjerde person, Elihu, inn i soga, som talar på ein helt annan måte.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jobs bok» frå , og «Job» frå den 9. januar 2008.
Bakgrunnsstoff Job i Studentmållagsbibelen (bibel.smio.no)
Kategori:Det gamle testamentet