Kyrkjemøtet er det øvste representative organet i Den norske kyrkja.
Kyrkjemøtet skal arbeide for saker av felles kyrkjeleg karakter og elles for alt som tener det kristelege livet i kyrkjelydane, og det skal fremje samarbeidet innan Den norske kyrkja. Kirkemøtet skal òg verne og fremje samisk kyrkjeliv og ivareta dei internasjonale og økumeniske oppgåvene til Den norske kyrkja.
Kyrkjemøtet var lovfesta i 1984 og har (i 2020) 116 medlemmer, jf § 24 i kyrkjelova: 77 leke medlemmer, som samtidig er valde inn i dei elleve bispedømmeråda 12 biskopar (deriblant preses i Den norske kyrkja). 22 representantar for prestane og andre kyrkjeleg tilsette. 3 samiske representantar 1 represenant for døvekyrkja leiaren av Samisk kyrkjeråd
Kyrkjemøtet fekk ved kronprinsregentens resolusjon i 1990 delegerert mynde til å vedta liturgiske reglar for Den norske kyrkja, herunder bl.a. innhaldet i altarboka og salmeboka reglar for bruk av kyrkjene.
Etter at statskyrkja vart avskaffa, har overtatt mykje av det kyrkjelege saksansvaret som før lå på Stortinget.
Kyrkjemøtet vert samla ein gong i året. Samlinga varer gjerne ei veke.
Bakgrunnsstoff Kyrkjelova § 24
Kjelder Handbok for sokneråd og kyrkjelge fellesråd 1997 utg. av Kyrkjerådet i samarbeid med Kirkens arbeidsgiverorganisasjon Artikkel i Vårt Land 10.10.2020
Kategori:Den norske kyrkja