Svaner er eit samleomgrep for store, vasslevande andefuglar av slekta Cygnus. Dei har lang hals og er som regel reint kvite fuglar som lever i nordlege, ofte kalde, strøk. Sørlege artar er ofte svarte eller svarte og kvite.

Det finst mellom seks og åtte artar svaner, i Noreg førekjem tre av dei: knoppsvane, songsvane og dvergsvane.

Oversyn artar, status og utbreiing Svaner i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Fakta om raudlistestatus, populasjon og utbreiing er frå oppslag i BirdLife International sine nettsider 'Data Zone', 20. november 2012.BirdLife International sine nettsider 'Data Zone', henta 20. november 2012. NamnVitskapleg namnStatusAutorUtbreiingKnoppsvaneCygnus olorLCGmelin, 1789Store delar av Eurasia, sjeldan gjest i nordlege Afrika, introdusert til Nord-Amerika, Australasia og sørlege AfrikaSvartsvaneCygnus atratusLCLatham, 1790Sørlege og sørvestre Australia, gjeninnført på New ZealandSvarthalssvaneCygnus melancoryphusLCMolina, 1782Sør-AmerikaTrompetersvaneCygnus buccinatorLCRichardson, 1832Nord-AmerikaDvergsvaneCygnus columbianusLCOrd, 1815Holarktis, hekkar i arktisk og subarktisk tundra, trekkfuglSongsvaneCygnus cygnusLCLinné, 1758Nordlege Eurasia, trekkfugl som overvintrar i isfrie område i Europa og Asia.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Andefamilien Kategori:Fugleslekter