Thomas Ziehe () er ein tysk professor i pedagogisk sosiologi ved Institutt for pedagogikk ved Leibniz-universitetet i Hannover. Han var frå 1988-1993 professor i pedagogikk ved universitetet i Frankfurt.
Ziehe er kjend for analysar av kulturelle moderniseringsprosessar i høve til ungdom og skulen. Arbeida hans har fått særleg gjennomslagskraft blant pedagoga og didaktikarar. Ziehe har blant anna vore oppteken av narsissisme som eit kulturelt fenomen.
Teoriarbeid Ziehe kan dels plasserast i den sosiologiske Frankfurt-skulen, saman med forskarar som Max Horkenheimer, Theodor Adorno, Herbert Marcuse og Jürgen Habermas, og dels i den sosiologiske forskinga kring seinmodernitet saman med forskarar som Anthony Giddens, Zygmunt Bauman og Ulrich Beck. Med å kombinere marxistisk teori med identitetsteori og psykoanalytisk teori har han kome fram til at vårt samfunn har utvikla ein ny personlegdomstype prega av narsissisme.
Kulturelle tendensar Der er tre kulturelle tendensar som Ziehe meiner er med å endre det kulturelle klimaet for ungdom: a) auka refleksivitet, b) ei oppfatning om at alt lèt seg forme, c) individualisering. Desse tendensane vert møtte på tre måtar:
Kulturelle orienteringsforsøk Ziehe ser dei auka moglegheita for ungdom i dag som årsak til kontingensproblem. Di fleire moglegheiter og di meir fridom, di større vert opplevinga av å manglande ein fast grunn i tilværet. Som reaksjon på denne opplevinga ser Ziehe tre ulike reaksjonsmåtar:
«Subjektivering», dvs. som lengt etter nærleik og psykisk intimitet, «Ontologisering», dvs. som leiting etter ei overordna meining, «Estetisering», dvs. i staden for nærleik eller meining søkjer ein spenning og estetiske opplevingar socialisering,
Verk 1975: Pubertät und Narzissmus Sind Jugendliche entpolitisiert?. 1989: Ambivalenser og mangfoldighed, Politisk Revy. 2004: Øer af intensitet i et hav af rutine nye tekster om ungdom, skole og kultur. 2001: Modernitets- og ressourceperspektivet læring i et hypermoderne samfund mentalitetsforandring, læringskultur og fremmedfølelse.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Thomas Ziehe» frå , den 17. januar 2008.
Heimesida til Thomas Ziehe
Kategori:Tyske pedagogar