Gauja (estisk Koiva jõgi; livisk Koiva; tysk Livländische Aa) er ei av dei lengste elvane i Latvia med ei lengd på 452 km og eit nedslagsfelt på 8 900 km². Kjelda hennar ligg i åsane sørvest for Cēsis. Ho renn først austover og nordover og dannar grense mot Estland i om lag 20 km. Sør for Valga og Valka snur ho vestover mot Valmiera, og held fram sørvestover nær Cēsis og Sigulda. Gauja munnar ut i Austersjøen nær Riga.

I Cesis og Riga fylke har Gauja grave ut den djupaste elvedalen i Latvia med breidder opp til 90 meter høge. Denne delen av Gauja inneheld mange flotte naturområde og vart erklært ein nasjonalpark i 1973.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gauja» frå , den 20. januar 2008.

Kategori:Elvar i Latvia Kategori:Elvar i Estland