Hans Kristensson Hagen () var ein norsk spelemann frå Krødsherad i Buskerud. Han var ei av kjeldene til Wilhelm Sorteberg.

Hans Hagen livnærte seg som skreddar og husmann ynder prestegarden på Olbergsund. Han var mykje nytta til dans, og fór til Kongsbergmarken og Drammensmarken. Her spela han i lag med Gamle-Kleven og Tor Grimsgard. Markensspelinga var ei betre inntekt for Hans enn husmannslivet, og ein gong kom han heim med heile hundre kroner, mykje pengar på den tid.

Mellom elevane hans var Wilhelm Sorteberg og Ole Skogly.

Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Folk frå Krødsherad