Gampriner Seele er den einaste innsjøen i Liechtenstein. Han vart danna då Rhinen flauma over med enorm erosjon i 1927. Innsjøen ligg 435 meter over havet ved landsbyen Bendern–Gamprin.

Gampriner Seele er omringa av tett lauvskog. Det vakre området vart gjort om til eit verna naturområde av regjeringa i 1961. Ein røyrleidning frå ein innlandskanal i nærleiken gjev innsjøen tilførsel av ferskvatn og nok oksygen.

Plante- og dyreliv Hesterumpe (Hippuris vulgaris) Krossandemat (Lemna trisulca) Mort, sørv, kreps Laue, brasme, gjedde Dvergdykkar, sivhøne, villand, sothøne, svane

Bakgrunnsstoff Gampriner Seele

Kjelde

Denne artikkelen bygger på «Gampriner Seele» frå , den 22. januar 2008.

Kategori:Innsjøar i Liechtenstein