mini|Medverkande i Kyotoaprotokollen 2009.: Grønt: Skrive under og ratifisert Gult: Skrive under, men ventar med å ratifisere Grått: Verken underskrive eller ratifisert Blått: Skrive under, men vil ikkje ratifisere
Kyotoprotokollen (eller Kyotoavtalen) er ei oppfølging av Klimakonvensjonen. Protokollen fastset bindande og talfesta rammer for utslepp av klimagassar for landa som i konvensjonen er kalla vedlegg-1-partar, dvs industriland og land med overgangsøkonomi.
Kyotoprotokollen vart vedtatt 11. desember 1997 og trødde i kraft 16. februar 2005.
Hovudelementa i avtalen Hovudelement i Kyotoprotokollen er: Plikt for industrilanda til å halde utsleppa på eit nivå som er talfesta for kvar part. Målet er å redusere dei samla utsleppa av klimagassar frå industrilanda med minst 5 prosent i forhold til 1990-nivået i perioden 2008-2012. Utsleppa av klimagassar gjeld dei seks viktigaste klimagassane: karbondioksid (CO2), metan (CH4), lystgass (N2O), hydrofluorkarbon (HFK), perfluorkarbon (PFK) og svovelheksafluorid (SF6). Protokollen reknar òg med opptak av klimagassar, slik at netto bindingseffektar på areal med skogreising, nyplanting og avskoging utført etter 1990 skal reknast med som ein del av reduksjonen i utsleppa. Handel med utsleppskvotar mellom industriland Prosjektsamarbeid mellom industriland og utviklingsland
Noregs plikter Noreg er etter Kyotoprotokollen forplikta til å sørgje for at dei totale klimagassutsleppa i perioden 2008-2012 ikkje er meir enn 1 prosent høgre enn i 1990, då utsleppa var 52,0 millionar tonn CO2-ekvivalentar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Kyotoprotokollen til FNs rammekonvensjon om klimaendring (engelsk og norsk tekst) St.prp. nr 49 (2001-2002) Om samtykke til ratifikasjon av Kyotoprotokollen Om Kyotoprotokollen på miljøstatus Norge Norske utslipp og Kyotomåla SSB: Utslepp av klimagassar etter kjelde SSB:Kyoto-protokollen - hvordan vil den virke?
Kategori:Internasjonale konvensjonar Kategori:Dei sameinte nasjonane Kategori:Kyoto Kategori:Global oppvarming Kategori:Miljøvernsavtalar Kategori:Skipingar i 1997