Russlands liberaldemokratiske parti (LDPR) (russisk Либерально-демократическая партия России - Liberalno-demokratitsjeskaja partija Rossii) er eit høgreorientert, populistisk politisk parti i Russland. Partiet vart stifta 13. desember 1989. Leiaren har heile tida vore Vladimir Zjirinovskij. LDPR vart det største partiet ved det første parlamentsvalet i det sjølvstendige Russland den 12. desember 1993, med 22,9 % av røystene. Ved det siste parlamentsvalet, 2. desember 2007, vart partiet tredje størst med 8,1 % av røystene. Partiet har nominert Vladimir Zjirinovskij som sin kandidat til det russiske presidentvalet i mars 2008.
Valresultat for LDPR Val til dumaen 1993-2007
Årstal Prosent av stemmene 1993 22,9% 1995 11,2% 1999 6,0% 2003 11,4% 2007 8,1% 2011 11,7% Presidentval Årstal Prosent av stemmene 1991 Vladimir Zjirinovskij - 7,8% 1996 Vladimir Zjirinovskij - 5,7% 2000 Vladimir Zjirinovskij - 2,7% 2004 Oleg Malysjkin - 2,0 % 2008 Vladimir Zjirinovskij - 9,4 %
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisielle nettsider på russisk.
Kategori:Russiske politiske parti Kategori:Skipingar i 1989