Folda (norrønt Fold eller Foldin, 'den breie fjorden') er eller har vore namnet på fire norske fjordar:

Folda og Oslofjorden Fold, frå sogetida Folda, var den historiske nemninga på Ytre Oslofjord, frå Drøbaksundet til Færder, og landområda omkring, særleg Vestfold og Follo. Namnet Follo kjem frå 'Fold-lo', «Foldsletta». Namnet lever òg att i fylksnamnet Østfold.

Oslofjorden var frå gamalt nytta om fjorden innanfor, frå Drøbak opp til gamle Oslo .

Folda på Møre Fold var det gamle namnet på Foldfjorden på Ertvågøya på Nordmøre.

Folda i Namdalen Folda er ytterdelen av den store fjorden i Namdalen. Lenger inn vert fjorden kalla 'Foldfjorden'.

Folda i Salten Folda er ytterdelen av fjorden som delar seg i armane Sørfold og Nordfold. Namnet vart tidlegare òg bruka om bygdene omkring fjorden.

Lenkjer

Kjelder O. Rygh: Gaardnavne i Nordlands amt 1905 Leiv Heggstad, Finn Hødnebø og Erik Simensen: Norrøn ordbok Det Norske Samlaget 1990 ISBN 82-521-3493-9 Redaksjonell fotnote til Ynglinge-soga i Snorres Kongesoger, Det Norske Samlaget 1979 ISBN 82-525-0657-7. Østfold i Store Norske Leksikon

Kategori:Fjordar i Noreg Kategori:Oslofjorden