Jordskjelvet i Skopje i 1963 (makedonsk Скопски земјотрес 1963, Skopski zemjotres 1963) var eit jordskjelv som råka Skopje i SR Makedonia (i dag Republikken Makedonia), då ein del av Jugoslavia, den 26. juli 1963.

Jordskjelvet målte 6,1 på momentmagnitudeskalaen (tilsvarer 6,9 på richterskalaen) og oppstod kl. 05.17 lokaltid i Skopje. Skjelvet varte 20 sekund og kunne merkast langs heile Vardardalen.

Få dagar etter jordskjelvet kravde 35 nasjonar i SN si generalforsamling at Skopje skulle få støtte i form av pengar, medisinar, oppbygging og forsyningar frå 78 land. Den kjende kunstnaren Pablo Picasso donerte måleriet sitt Hovudet av ei kvinne som vart stilt ut i Museet for Samtidskunst i Skopje.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «1963 Skopje earthquake» frå , den 2. februar 2008. oppgav desse kjeldene: On This Day: 26 July; 1963: Thousands killed in Yugoslav earthquake BBC Seismic Ground Motion Estimates for the M6.1 earthquake of July 26, 1963 at Skopje, Republic of Macedonia Department of Earth Sciences, Trieste, Italia Skopje-skjelvet i 1963 SeismoArchives, Incorporated Research Institutions for Seismology Jordskjelvet på inyourpocket.com

Skopje Skopje i 1963 Kategori:Jordskjelv i Jugoslavia Kategori:1963 i Jugoslavia Kategori:Katastrofar i Makedonia