Struga (makedonsk Струга; albansk Strugë) er ein by og ein kommune i regionen Sørvest i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2004, då dei tidlegare kommunane Delogozjdi, Labunisjta, Lukovo og Velesjta vart innlemma i kommunen.
Kommunen har eit areal på 483 km². I 2021 hadde kommunen 50 980 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 15 009 innbyggjarar.
Struga ligg ved Ohridsjøen. Elva Svarte Drin renn ut frå Ohridsjøen ved Struga og deler byen i to.
Turisme er ei viktig næring i byen, men Struga er noko rolegare enn den større byen Ohrid som ligg lenger aust på kysten av Ohridsjøen.
Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen var: Busetnad Folketal 2002Folketeljing 2002, detaljerte resultat Folketal 2021 Struga 16 559 15 009 Labunisjta 5 936 6 739 Velesjta 5 834 3 378 Mislesjevo 3 507 2 969 Podgortsi 2 160 2 430 Radolisjta 3 119 2 067 Oktisi 2 479 1 925 Delogozjdi 2 920 1 714 1 517 1 563 1 739 1 206 1 717 1 201 1 485 1 132
Bakgrunnsstoff Attraksjonar i Struga Struga på makedonija.name Turistportal for Struga
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Struga» frå , den 2. februar 2008.
Referansar
Kategori:Byar i Nord-Makedonia Kategori:Kommunar i Nord-Makedonia Kategori:Busetnader i Statistisk region Sørvest