Marit Kaldhol () er ein norsk lyrikar og forfattar.

Kaldhol er utdanna lærar, og har undervist i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Ho var med på å danne Møre og Romsdal Forfattarlag i 1983, og var i fleire år leiar i laget. Ho blei i 1999 medlem av Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres litterære råd, og var i perioden 2001–03 rådets nestleiar, og leiar frå 2002 til 2005.

Ho debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken, og har seinare gidd ut lyrikk, barnebøker, ungdomsbøker, romanar og novellesamlingar. Kaldhol vart tildelt Nynorsk barnelitteraturpris i 2015 for boka Zweet.

Bibliografi Lattermilde laken – diktsamling (1983) Maria – roman (1985) Farvel Rune – barnebok (1986) (illustrert av Wenche Øyen) Vi kan dele – barnebok (1988) (illustrert av Ingri Egeberg) Og låste med ein hengelås – barnebok (1991) (illustrert av Dag Fyri) Alt skal sjå ut som fløyel – diktsamling (1993) Alle vi – novellesamling (1993) På vegen står ei jente med kniv – barnebok (1995) (illustrert av Anne Knutsdatter Wille) I huda er gud ein munn – roman (1997) Ordet er ei bru – aktivitetshefte for ungdomsskulen om Tarjei Vesaas (1997) Har du peiling på fisk? – ungdomsbok (1999) Frø – diktsamling (1998) Ein augneblink, kanskje to – ungdomsbok (2001) Stilk med to. Dikt for unge – diktsamling (2002) Den tause rosa går forbi – diktsamling (2002) Innbrotstjuven. Ni forteljinger om Peder – (2004) Den einaste kjolen – diktsamling (2005) Reisa til H. – barnebok (2005) (illustrert av Justyna Nyka) Blondene gir seg ikkje – roman (2006) Kino – novellesamling/ungdomsbok (2006) Ho som ror – dikt, ungdom, (2007) Stripekalven – biletbok (2008) Søkeord: ayotzintli – barnebok (2010] Darwins sporvar – roman (2012) Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz – roman (2014) Zweet – ungdomsbok (2015)

Drama Vesle Wolfgang – Barnetimen for dei minste, NRK (1999) Fuglen flyg gjennom hjartet – drama for ungdom (2003) Engel, pengel – drama for mindre barn (2005)

Prisar Premio Europeo Pier Paolo Vergario 1987 Deutsche Jugendliteraturpreis 1988, for Abschied von Rune (Farvel Rune), saman med Wenche Øyen Ålesund bys kunstnerpris 1995 Samlagsprisen 2001 Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 2006, for Kino Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 2010, for søkeord: ayotzintli

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marit Kaldhol» frå , den 3. februar 2008.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Det Norske Samlaget: Marit Kaldhol Dagbladet: Marit Kaldhol

Kategori:Folk frå Ålesund Kategori:Forfattarar frå Møre og Romsdal Kategori:Norske forfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1983 Kategori:Vinnarar av Samlagsprisen Kategori:Vinnarar av kulturdepartementet sine barnebokprisar Kategori:Vinnarar av Nynorsk barnelitteraturpris