Schiermonnikoog (frisisk Skiermûntseach) er ein kommune, ei øy og ein nasjonalpark nord i Nederland. Schiermonnikoog er ei av Dei vestfrisiske øyane i provinsen Friesland. Den einaste landsbyen på øya heiter òg Schiermonnikoog. Kommunen er den minst folkesette kommunen i heile Nederland.
Historie mini|venstre|Fyr på Schiermonnikoog.
Dei første kjende eigarane av Schiermonnikoog var munkar i cistercinsarklosteret Klaarkamp nær Rinsumageest på fastlandet.Stenvert, R. et al. (2000). Monumenten in Nederland: Friesland, s. 265–267. Zwolle: Waanders Uitgevers. ISBN 90-400-9476-4.. Monnik tyder «munk» og schier er eit gamalt ord for «grå» og refererte til fargen på kleda til munkane. Namnet tyder derfor «Øya til dei grå munkane».
Tidvasstraumane og den rådande vind- og bølgjeretninga gjer at øya sakte «flyttar» seg søraustover. I år 1250 låg ho om lag to kilometer lenger nord enn i dag og hadde ei heilt anna form.Van de Ven, G. (editor) (1996). Leefbaar laagland, s. 90. Utrecht: Uitgeverij Matrijs. ISBN 90-5345-031-9.. I 1717 og 1720 førte stormflod til flaum i landsbyen Westerburen som hadde utvikla seg nær munkebygningane. Landsbyen vart fråflytta og i 1756 vart den nye landsbyen Oosterburen bygd lenger aust. I dag heiter denne landsbyen Schiermonnikoog.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Schiermonnikoog» frå , den 12. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Dei frisiske øyane Kategori:Kommunar i Friesland Kategori:Øyar i Nederland Kategori:Nasjonalparkar i Nederland