mini|Åfjordsbåten «Skårungen». mini|Den aller minste utgåva av åfjordbåten, ein såkalla to-kne-færing. mini|Åfjordfembøring med segl ved Kvitvær i Lurøy i Nordland. Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden.A. Klepp, Nordlandsbåter og båter fra Trøndelag, Norske båtar bind IV, Grøndahk & søn AS, 1983. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste staden der desse båtane har vorte bygde er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmøre gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar.A.R. Hole, Båter og kystfolk, Aschehoug, 2007. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. Dei største båtane kan i tillegg ha eit toppsegl.

Åfjordsbåten er ein relativt moderne båttype som truleg vart utvikla kring 1700-talet, men det finst ikkje dokumentasjon før tidleg på 1800-talet. Før den tida ser det ut til at geitbåtar av nordleg type vart bruka der åfjordsbåten seinare slo gjennom. Utover 1800-talet og innpå 1900-talet vart åfjordsbåten etterkvart vanleg heilt sørvest til Smøla på Ytre Nordmøre.

Referansar

Kategori:Åfjord kommune Kategori:Båtar frå Trøndelag Kategori:Klinkbygde båtar