Eileen Marie Collins () er ein tidlegare amerikansk astronaut og pensjonert oberst i United States Air Force. Collins var den første kvinnelege piloten og kommandøren av ei romferje.

Collins vart fødd i byen Elmira i delstaten New York. Ho vart vald ut som astronaut av NASA i 1990, og fullførte treninga eit år etter.

Collins første reise til verdsrommet var den 3. februar 1995 om bord romferja Discovery på STS-63. Som pilot skulle Collins fly Discovery i nærleiken av den sovjetiskbygde romstasjonen Mir for å førebu kommande samankoplingar mellom Mir og dei amerikanske romferjene i framtida. Collins var og pilot om bord Atlantis på STS-84 i 1997. Denne gongen kopla dei to fartøya seg saman.

I 1999 vart ho utnemnd som kommandør på STS-93 då romferja Columbia skulle utplasserte Chandra X-ray Observatory. Då den same romferja brann opp i 2003 og sette heile det amerikanske romferjeprogrammet på bakken i to og eit halvt år, var det Collins som var kommandør då STS-114 og Discovery markerte den første av dei to "return to flight" ferdene med å bringe nye forsyningar til den internasjonale romstasjonen, samt teste ut nye sikkerheitsprosedyrer for romferjeferdene.

Den 1. mai 2006 kunngjorde Eileen Collins at ho pensjonerte seg frå NASA for å få meir tid til familien.

Bakgrunnsstoff Biografi hjå NASA Space.com: NASA's First Female Shuttle Commander Retires from Spaceflight

Kategori:Kvinnelege romfararar Kategori:Kvinner i historia Kategori:Romfararar frå USA Kategori:Folk frå New York