Bly er eit grunnstoff med kjemisk symbol Pb. Bly er eit metall i gruppe 14 i det periodiske systemet. Bly er eit uedelt tungmetall med lågt smeltepunkt. I luft vil bly vere blågrått på, sidan blyet vil regagere med oksygen og danne eit lag blyoksid på overflata. Dersom ein skrapar av dette laget vil bly vere sølvaktig, men vil oksydere og bli blågrått på nokre minutt.

Ioneradien til blyionet er omtrent lik ioneradien til Ca2+. Dette gjer at bly akkumulerer i beinvev.

Særskilde kjenneteikn

Bly er eit mjukt metall med dårleg elektrisk leiingsevne. Bly er motstandsdyktig mot korrosjon.

Bruk venstre|mini|Romerske blyrøyr

Bly er eit lettformeleg metall og har vore brukt sidan oldtida, mellom anna til røyrlegging, ballast, som byggemateriale, bindemateriale i glasmåleri, ammunisjon som blyhagl, sats i trykking, i måling og til matkonservering. Sidan stoffet er giftig har det vore mindre brukt i moderne tid. I dag vert bly mellom anna brukt i bilbatteri, og blysambindingar har vore tilsett i bensin for å auka oktantalet.

Historie

Bly har vore kjend sidan oldtida.

Førekomst

Blyglans (blysulfid, PbS) er den viktigaste kjelda for bly.

Kjemiske eigenskapar

Tetraetylbly

Sjå òg

Grunnstoffliste Isotoptabell Periodesystemet

Bakgrunnsstoff Webelements - bly Bellona om bly

Kategori:Uedle metall Kategori:Hormonforstyrrande stoff Kategori:Karsinogen i IARC-gruppe 2B Kategori:Kjernereaktorkjølemiddel Kategori:Kjølevæsker Kategori:Superleiarar Kategori:Native element Kategori:Grunnstoff