Bay of Plenty (maori Te Moana-a-Toi), ofte avkorta til BoP, er ein region på Nordøya på New Zealand, eit landområde som ligg innanfor havbukta med same namn. Den største byen i Bay of Plenty er Tauranga, i den vestlege delen.
Geografi Sjølve havbukta mini|venstre|Bay of Plenty.
Bukta strekkjer seg frå basen av halvøya Coromandel Peninsula i vest til Cape Runaway i aust. Området er avgrensa av åsrekkjene Kaimai og Mamaku Ranges mot vest, og strekkjer seg innover i landet til dei sparsamt busette skogområda kring Rotorua, Kawerau og Murupara. Fleire øyer ligg ute i bukta, mellom desse Mayor Island/Tuhua, Motiti Island, Whale Island og, mest kjend, den aktive vulkanen på øya Whakaari/White Island.
Bukta vart namngjeven av kaptein James Cook i november 1769. Cook gav henne namnet Bay of Plenty («overflodsbukta») etter at han la merke til dei overveldande matlagra i fleire māorilandsbyar han vitja langs kysten; i sterk motsetning til dei observasjonane han tidlegare hadde gjort i Poverty Bay ('fattigdomsbukta').
Byar Større byar i regionen inkluderer: Tauranga Rotorua Whakatane
Mindre byar i regionen er mellom anna: Te Puke Taneatua Edgecumbe Opotiki Kawerau Murupara Ohope Matata Maketu Mount Maunganui Ngongotaha
Regionen mini|Kart over folketettleiken i Bay of Plenty ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.
I 2018 hadde regionen eit folketal på 308 499. I 2006 rekna 28% av innbyggjarane seg som etniske māoriar. 23% var under 15 år, og 3,9% utan arbeid. To byar dominerer Bay of Islands: Tauranga (folketal 103 635) og Rotorua (folketal 65 901). Som eit kompromiss mellom byane vart Whakatane i 1989 vald til sete for regionstyret. I 2007 vart det likevel bestemt at Tauranga skulle ta over denne rolla.Environment Bay of Plenty. Andre byar i regionen omfattar Te Puke, Kawerau, Katikati og Opotiki. Jordbruk og turisme er dei to hovudnæringsvegane i regionen, og det geotermiske området kring Roturoa er eit populært turistmål.
Regionen er skogkledd, mykje av skogen er kommersielt planta og ivareteken, og det er dessutan eit utstrekt jordbruk i området. Klimaet i kystsona er nesten tropisk, både fuktig og varmt året rundt. I innlandet derimot, kring Roturoa, er gjennomsnittstemperaturen generelt 2°C kjøligare. Viktige produkt er kiwi, eple, avokado og tømmer. Som i det meste av New Zealand er sauehald vanleg, men produksjon av mjølkeprodukt og kjøt frå storfe er i aukande grad i ferd med å overta for sauehaldet.
Vegnettet har vorte utbygd i aukande grad, særskilt vest i Bay of Plenty, på grunn av tiltakande vegtransport av tømmer til hovudhamna i Tauranga. Jarnvegslinjer går mellom Tauranga og Waikatoregionen og til den austlege delen av bukta, men desse fraktar berre gods.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bay of Plenty» frå , den 19. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regionar på New Zealand kategori:stadnamn av engelsk opphav