Dunbjørk eller berre bjørk (Betula pubescens Ehrh., tidl. òg B. odorata Bechst.) er eit tre i bjørkeslekta.
Ein skil treet frå hengjebjørka ved at dunbjørka har enkelt sagtakka blad, små dunhår på årsskota og glatt never, òg på etter måten gamle stammar.
Dunbjørka har kromosomtalet 2n=56; medan hengjebjørka har 2n=28; trea vil likevel kunne danne hybridar med 2n=42.
Dunbjørka veks på fuktig mark og i lier over nesten heile Skandinavia.
Kjelder Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Det Norske Samlaget, 1974. ISBN 82-521-0297-2
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bjørkeslekta Kategori:Lauvtre