Ein garvar er ein billeart i trebukkfamilien. Han finst over store delar av Europa, både på lauv- og bartre, men er særs sjeldan i Noreg. Han finst berre i Agder og Telemark, og er ikkje funnen meir enn tre gongar sidan krigen. Norsk raudliste 2006 lista han som sterkt truga av utrydding på grunn av hogst.
mini|venstre|Garvar i Austerrike Levesett
Garvarane lever mesteparten av livet sitt som larvar i daudt tre. Han er ikkje artsspesifikk, men kan gå på ei rekkje ulike treslag. I Noreg reknar ein med at han stort sett heldt seg til furu og kanskje til ein viss grad òg bøk.
I Europa har ein observert at garvarar har brukt tre år eller meir i larvestadiet sitt. Dei forpuppar seg i juni til juli. Dei vaksne insekta kjem fram på seinsommaren om lag ein månad etter, formeirar seg og døyr til vinteren. Dei er nattaktive og vert tiltrekte av lys.
Kjelder Artsdatabanken Norges biller
Bakgrunnsstoff
Garvar