Lukestar er ei norsk indiepop-rockgruppe med ei aning powerpop og hardcore i musikken sin. Gruppa var aktiv frå 1995 til 2012. Dei fire medlemmene kom frå Oslo og Bodø.
Biografi
Gruppa vart danna i 1995 under namnet Lukewarm av Truls Heggero (vokalist), Yngve Hilmo (gitarist), Ola Schmidt (bass), og Even Djønne (trommer). Lukestar debuterte med EP-en Code: Distance i april 2002. Denne fekk mykje god kritikk, og bandet fekk fort stempelet som eit av Noregs mest lovande pop-orkester. Dei var med både Surferosa og Amulet på turne i 2003, og vart kjende for å ha eit fargerikt live-show fylt til randen av energi og gladmusikk. 30. august 2004 gav bandet ut sitt fyrste album, Alpine Unit, som fekk litt blanda mottaking. Albumet vart gjeve ut i fleire land, og etter dette reiste Lukestar på turnéar i utlandet. Spania, England, Tyskland og Skandinavia er stader dei har vitja, men albumet vart slept i USA og Japan i tillegg.
I oktober 2007 kom dei med ein ny singel, White Shade, før dei slutta å gje lyd ifrå seg fram til rundt nyttår 2007. Den 14. januar 2008 gav dei så ut albumet Lake Toba, som fekk mykje god kritikk. Bandet vann Spellemannprisen 2008 i klassen rock for denne plata. Etter innspelinga av «Lake Toba» slutta Ola og Even i Lukestar. Torbjørn Hafnor var bassist i bandet ei stund, men slutta i 2008.
I februar 2011 kom albumet Taiga. Den første singelen frå dette albumet, «Flying Canoes», vart a-lista på NRK P3. Bandet vart oppløyst i 2012 og spelte avskjedskonsert på Parkteatret i Oslo 31. august.musikknyheter.no: «Lukestar gir seg», NRK.no
Medlemmer Siste medlemmer : vokal, gitar: (1995-2012) : gitar (1995-2012) Jørgen Larsen: trommer (2007–2012) : bass, synthesizer (2007-2012) : synthesizer (2011-2012)
Tidlegare medlemmer : trommer (1995-2007) : bass (1995-2007) : bass (2007-2008)
Diskografi Code: Distance (2002, Machine Machine / Phone MeHandmade / Rec 90) (EP) Alpine Unit (2004, ChewinPine) Lake Toba (2008, Phone Me / Tuba) Taiga (2011, Phone Me / Tuba)
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Lukestar» frå , den 21. mai 2009.
Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Musikkgrupper skipa i 1995