Veidnesbrua er ei stålkassebru på europaveg 69 i Nordkapp kommune i Finnmark. Brua kryssar bukta Kobbholet på sørsida av Magerøya. Brua er 520 meter lang, med 10 meter seglingshøgde og lengste spenn (av 7) 80 meter. Bygginga av Veidnesbrua starta sommaren 1996, og brua var ferdig 5. november 1998. Saman med resten av fastlandssambandet til Magerøya, FATIMA, vart Veidnesbrua offisielt opna 15. juni 1999.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Veidnesbrua» henta frå Wikipedia på bokmål 5. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgjev desse kjeldene: Nordkapp Bompengeselskap: Veidnesbrua Ferdigbetong Anlegg: Veidnesbrua
Kategori:Europaveg 69 Kategori:Bruer i Finnmark Kategori:Vegbruer i Finnmark Kategori:Vegar i Nordkapp Kategori:Bruer opna i 1999 Kategori:1999 i Noreg Kategori:Kassebruer