Efjordbruene er tre bruer som kryssar Efjorden i Narvik kommune i Nordland. Bruene vart opna 14. september 1969, og er del av europaveg 6. Brusambandet erstatta ferjesambandet mellom Forså og Sætran, som hadde vore i drift sidan 1941.

Efjordbruene og vegen mellom Sætran og Forså er foreslege verna i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (sjå avsnittet om Efjordanlegget)

Kjerringvikstraumen bru Kjerringvikstraumen bru er den nordlegaste av dei tre bruene. Ho er ei hengebru med total lengd 551 meter, lengste spenn 200 meter og seglingshøgde 18 meter. Brua har 15 spenn. Brua kryssar Kjerringvikstraumen mellom fastlandet og Storøya. Denne brua er særmerkt ved at ho har berre eitt tårn, midt på brua.

Mellastraumen bru

Mellastraumen bru er ei bogebru med lengde 143 meter og seglingshøgd 15 meter. Brua kryssar Mellastraumen mellom Storøya og Hallvardøya.

Sørstraumen bru

Sørstraumen bru er den sørlegaste av bruene. Ho er ei bjelkebru med lengde 162 meter og seglingshøgde 2 meter. Brua kryssar Sørstraumen mellom Hallvardøya og fastlandet. Sørstraumen bru i Efjord må ikkje forvekslast med brua med same namn som kryssar Kvænangen i Troms.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Efjordbruene» henta frå , den 9. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgav denne kjelda:

Bakgrunnsstoff Efjord.info: Bilete av alle tre bruene Nordlandsportalen: Bilete av Kjerringvikstraumen bru Nordlandsportalen: Bilete av Mellastraumen bru Nordlandsportalen: Bilete av Sørstraumen bru

Kategori:Europaveg 6 Kategori:Vegbruer i Nordland Kategori:Vegar i Narvik Kategori:Hengebruer i Noreg Kategori:Bogebruer Kategori:Bjelkebruer Kategori:Bruer opna i 1969 Kategori:1969 i Noreg