Haumea (tidlegare offisielt kalla ; symbol: ) er ein av fem dvergplanetar i solsystemet. Han ligg i kuiperbeltet og har omtrent ein tredjedel av massen til Pluto. Han blei oppdaga av J. L. Ortiz og laget hans ved Sierra Nevada-observatoriet i Spania og Mike Brown si gruppe hos Caltech i USA. Minor Planet Center (MPC) gjev offisielt æra for oppdaginga til gruppa til Ortiz, som var først ute med å offentleggjera oppdaginga av objektet.
Haumea blei i 2008 namnsett etter gudinna for barnefødsel og fertilitet i hawaiisk mytologi.«IAU names fifth dwarf planet Haumea» - IAU-pressemelding 17. september 2008. Vitja 20. september 2008.
Haumea sine to månar, hurtige rotasjon, høge albedo og ekstremt avlange form gjer han til eit særs uvanleg objekt blant dei klassiske kuiperbelte-objekta. Det er sannsynlegvis den største medlemen av ein kollisjonsfamilie som blei danna under éin enkelt kollisjon som òg er ansvarleg for dei uvanlege karakteristikkane til objektet.
mini|venstre|Med ei omlaupstid på berre fire timar roterer Haumea så raskt at han får ei avlang form.
Satellittar
To små satellittar har blitt oppdaga i bane rundt Haumea:
Hi'iaka med ein diameter på ~310 km dersom tettleiken og albedoen er lik moderobjektet
Namaka med ein diameter på ~170 km dersom albedoen er lik moderobjektet
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Visualisering av banen til Haumea av NASA
Haumea Kategori:Himmellekamar oppdaga i 2004