Båfjorden er ein fjordarm av Risværfjorden i Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 1,5 km sørover til den veglause garden Båfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Båfjordstranda i aust og Sørnesodden i vest. Ein annan veglaus gard i fjorden er Klungvika. Båfjordfjellet på 290 meter over havet ligg på austsida av fjorden. Ramntind på nordsida av Båfjordfjellet er derimot høgare med 301 meter over havet.

Kategori:Fjordar i Nærøysund