Tore Tungodden () er ein norsk medievitar og universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen.

Han er fødd og vaks opp i Knarvik nord frå Bergen og har lang erfaring frå ei rekkje leiarstillingar på ulike nivå ved universitetet. Han vart tilsett som universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen etter å ha vore fungerande sidan 1. januar 2023 og assisterande universitetsdirektør frå 2015.

Tungodden er også forfattar av barneboka Statsministeren som han vann Aschehough sin debutantpris for i 2005. Boka er òg omsett til fleire språk og hadde premiere som teateroppsetning ved Atze Musiktheater i Berlin i 2016. Teaterstykket sto på plakaten i 6 år i Berlin. Boka handlar om ei ti år gammal jente som blir statsminister i Noreg.

Kjelder

Kategori:Norske forfattarar