Sørfjorden er ein fjordarm av Fugløyfjorden i Gildeskål kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 8,5 km sørvestover til Oterstranda i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Forstranda i vest og Hjellstad i aust. Litt inn i fjorden ligg grenda Sørfinnset på sørsida av fjorden og på nordsida av eit nes som stikk ut i fjorden. På austsida av neset ligg bukta Alten.
Riksveg 838 går langs austsida av fjorden, medan Fylkesveg 17 går langs sørsida.
Kategori:Fjordar i Gildeskål