Landegodefjorden er ein fjord i Bodø kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom øya Landegode i i nordvest og Nordstranda nord for sjølve Bodø i søraust. Han strekkjer seg 18 km nordaustover til Misterøya der Mistfjorden går austover.

Fjorden startar i sør mellom Steinsvær i vest og Store Hjartøya like ved Bodø i aust. På austsida av fjorden ligg grendene Myklebostad, Skjelstad og Kløkstad, og bygda Skau. Landegode fyr ligg nord for Landegode.

Fylkesveg 834 går langs austsida av fjorden.

Kategori:Fjordar i Bodø