Vestfjorden er ein stor fjord eller eit havområde mellom Lofoten og Salten i Nordland. Fjorden startar mellom Flesjan ved Skomvær i vest til den vestlegaste holmen ved Myken og går om lag 110 nautiske mil, tilsvarande ca. 200 km nordaustover til Barøya ved innløpet til Ofotfjorden.I andre kjelder er fjorden langt kortare og vert rekna for å gå frå Værøy i Lofoten og inn til munningen av Ofotfjorden, ei lengd på om lag 160 km. Både Store Norske Leksikon og Caplex nyttar denne defininsjonen. Frå Skomvær til Myken er fjorden om lag 80 km brei. Geografi På vestsida av fjorden ligg kommunane (frå sør til nord) Røst, Værøy, Moskenes, Flakstad, Vestvågøy, Vågan og Lødingen. På austsida finn ein kommunane (frå nord til sør) Narvik, Hamarøy, Steigen, Bodø, Gildeskål, Meløy og Rødøy.
Av større bygder og tettstader langs fjorden finn ein Å i Lofoten, Moskenes, Reine, Ballstad, Stamsund, Henningsvær, Kabelvåg, Svolvær, Lødingen, Leines, Kjerringøy og Bodø.
Fjordarmar mini|venstre|Vestfjorden i retning Svolvær på ferja frå Skutvik. mini|Ein roleg sommardag midt på Vestfjorden på ferja mellom Skutvik og Svolvær. Sett sørover. Fleire fjordarmar går innover i landet på austsida av Vestfjorden. Dei største av desse er Glomfjorden, Saltfjorden og Skjerstadfjorden, Mistfjorden, Folda, Leinesfjorden, Sagfjorden og Tysfjorden. Inst i Vestfjorden held Ofotfjorden fram vidare innover til Narvik og Bjerkvik. På vestsida finn ein fleire mindre fjordar og sund mellom og på øyane i Lofoten.
Samferdsel Fleire ferjesamband kryssar fjorden. Frå Bodø går det ferje til Røst, Værøy og Moskenes. Frå Bodø til Moskenes er det om lag 95 km, ein tur som tar om lag 4 timar. Frå Skutvik i Hamarøy går det ferje til Svolvær i Vågan. Inst i fjorden går det ferje frå Bognes til Lødingen.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjordar i Nordland