Krasnodar kraj er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Krasnodar, arealet er 75 485 km² og innbyggjartalet er 5 683 947 (2021). Territoriet ligg ved svartehavskysten, og grensar til Georgia (inkludert utbrytarregionen Abkhasia) i sør. Republikken Adygeja er heilt omringa av Krasnodar kraj, men er ikkje ein del av territoriet.

Folkesetnad Krasnodar kraj har størst folketal av alle russiske føderasjonssubjekt utanom dei føderale byane Moskva og St. Petersburg. Dei største byane er Krasnodar (709 000 ibuarar), Sotsji (331 100), Novorossijsk (229 200) og Armavir (190 000).

Fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 Russarar: 86,5 % Armenarar: 5,4 % Ukrainarar: 1,6 %

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske føderasjonssubjekt