thumb|Ein buss i TIMEkspressens nye dekor frå januar 2011. thumb|Ein buss i TIMEkspressens dekor frå 2002 til 2010.

TIMEkspressen var eit nettverk av ekspressbussruter, drive av Nettbuss, som var eigd av NSB. Bussane til TIMEkspressen hadde avgangar kvar time på fleire strekningar i Noreg.

TIMEkspressen starta først som eit dotterselskap til det Notodden-baserte busselskapet Øst-Telemark Automobilselskap (ØTA). TIMEkspressen Telemark starta opp i 1997 med 17 daglege avgangar mellom Notodden og Oslo. Året etter vart TIMEkspressen Telemark og morselskapet kjøpt opp av NSB Biltrafikk, som i dag heiter Nettbuss. NSB vidareutvikla konseptet, med eit ynske om å utfylla sitt eige trafikktilbod på stader der dei hadde dårleg dekning på bane.

TIMEkspressen hadde 13 ulike ruter, frå Sørlandet til Trøndelag.

Ruter Line 1: Notodden - Kongsberg - Drammen - Oslo Line 2: Kongsvinger - Oslo Line 3: Halden - Sarpsborg - Moss - Oslo Line 4: Hønefoss - Oslo Line 5: Arendal - Kristiansand Line 6: Stjørdal - Trondheim Line 7: Støren - Melhus - Trondheim Line 8: Tjøme - Tønsberg - Oslo Line 9: (Ørje - Rakkestad) - Mysen - Askim - Oslo Line 10: (Hønefoss) - Vikersund - Drammen - Oslo Line 11: Volda - Ålesund - Molde - Kristiansund Line 12: Orkanger - Trondheim Line 14: Stavern - Larvik - Sandefjord - Oslo

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «TIMEkspressen» frå , den 21. mars 2008.

Bakgrunnsstoff

TIMEkspressen

Kategori:Ekspressbuss Kategori:Norske busselskap Kategori:Skipingar i 1997 Kategori:Nedleggingar i 2018