Richard Fabian Stang () er ein norsk advokat og høgrepolitikar. Han var ordførar i Oslo kommune frå 2007 til 2015. Frå 2016 er han statssekretær for innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug i regjeringa Solberg.

Fabian Stang er son av Wenche Foss og Thomas Stang. Han utdanna seg som jurist og arbeidde først som lærar, deretter advokatfullmektig, politifullmektig og frå 1986 advokat.

Stang har vore bystyrerepresentant for Høgre sidan 1999, og fast medlem av helse- og sosialkomiteen, samferdsels- og miljøkomiteen, byutviklingskomiteen og finanskomiteen. Han var varaordførar i Oslo frå 29. august 2007, og blei ordførar den 17. oktober same året. Som ordførar er Stang også leiar av forretningsutvalet, valstyret og samevalstyret i Oslo.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Fabian Stang» frå , den 7. februar 2009. oppgav desse kjeldene:  

Bakgrunnsstoff

Kategori:Høgreordførarar i Oslo Kategori:Statssekretærar frå Høgre Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Solberg Kategori:Norske advokatar Kategori:Politikarar frå Oslo