Hamnefjorden (samisk Rostavuotna) er ein fjord på Sørøya i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordover til Pederdalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Husfjordnes i vest og Fella i aust. Fellaholmen og Lilleholmen ligg like innanfor innløpet. Det ligg spreidde bygg langs med fjorden, men ingen vegsamband eller gardsbruk. Fjorden er 120 meter djup ved munningen på det djupaste.

Kategori:Fjordar i Hammerfest