Bekkarfjorden (nordsamisk Beahkkirvuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 10 km søraustover til bygda Bekkarfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Bekkarfjordklubben i nord og Kalak i sør. Bortsett frå Bekkarfjord er det få bustader ved fjorden. Fjorden er 135 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.

Riksveg 888 går langs sørsida av fjorden.

Kategori:Fjordar i Lebesby