Tanafjorden (nordsamisk Deanuvuotna) er ein fjord i Finnmark fylke i kommunane Gamvik, Berlevåg og Tana. Fjorden strekkjer seg 66 km sørover til bygda Smalfjord i botn av fjorden og ligg mellom Nordkinnhalvøya i vest og Varangerhalvøya i aust.

Fjorden har innløp mellom Omgangsneset i vest og Skarveneset i aust. Tanafjorden har mange fjordarmar og dei fleste busetjingane ligg i botn av desse. Bygda Store Molvik på austsida er eit av unntaka og Lávvonjárga eit anna nesten heilt sør i fjorden.

Av fjordarmar finn ein på vestsida Tyfjorden, Skardfjorden, Rafjorden, Hopsfjorden og Langfjorden, og på austsida Gulgofjorden. Inst i fjorden deler han seg i fem greiner. Frå vest til aust er desse Vestertana, Tarmfjorden, Smalfjorden, munningen av Tanaelva og Leirpollen.

Riksveg 98 og Riksveg 890 går langs botn av fjorden.

Kategori:Fjordar i Finnmark Kategori:Fjordar i Gamvik Kategori:Fjordar i Berlevåg Kategori:Geografi i Tana