Kobbholmfjorden (samisk Vuorkelvuotna) er ein fjordarm av Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Bortsett frå Varangerfjorden er dette den austlegaste fjorden i Noreg. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørvestover til Stasjonsberget i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Heikenset i vest og Skjergardsneset ved Grense Jakobselv i aust. Like ved innløpet til fjorden ligg Kong Oscar IIs kapell på austsida. Det ligg fleire holmar i den ytre delen av fjorden, som Ytre, Midtre og Indre Kobbholmen og Flatskjeret.
Kategori:Fjordar i Sør-Varanger