Ringsbreen er ein isbre i Hurrungane i Jotunheimen. Breen ligg nord for Ringstindane i kommunane Luster og Årdal i Vestland. Ringsbreen består eigentleg av fleire botnbrear som til dels ikkje heng saman.
Ringsbreen går langt opp austflanken på Store Ringstindane og gjev eit fint høve til å nå toppen av denne særprega tinden på ski.
Sjå òg Isbrear i Noreg
Kategori:Isbrear i Luster Kategori:Jotunheimen