Tunsbergdalsbreen er ein av dei største og lengste brearmane av Jostedalsbreen og ligg i Luster kommune i Vestland. Han har eit areal på 47 km² og er 19 km lang. Breen ligg på austsida av Austerdalsfjellet.

Tunsbergdalsbreen er kjend for stundom å ha ført til så kalla jøkulhlaupar, alvorlege flaumar i Tunsbergsdalsvatnet og elva Leirdøla og vidare ned mot Jostedalen. Sist gong dette skjedde var i 1926.Glaciorisk European Project om Tunsbergdalsbreen

Sjå òg Isbrear i Noreg

Fotnotar

Kategori:Isbrear i Luster