Kapp Circoncision er ei halvøy på nordvestenden av den subantarktiske Bouvetøya i Sør-Atlanteren. Halvøya skil Esmarchkysten og Morgenstiernekysten.
Bouvetøya vart oppdaga av den franske marineoffiseren Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier 1. januar 1739. Bouvet de Lozier trudde at øya var ein del av Terra Australis og gav staden namnet Cap de la Circoncision (norsk: Omskjærelsens forberg) etter kyrkjefesten same dag. Seinare har øya vorte namngjeven etter oppdagaren, medan det originale namnet har blitt gjeve denne halvøya på nordvestkysten.
Under den andre Norvegia-ekspedisjonen 1928–29 vart det oppført ei depothytte på Kapp Circoncision, og året etter vart ytterlegare ei hytte oppført her av den tredje Norvegia-ekspedisjonen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kapp Circoncision» frå , den 11. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nes på Bouvetøya Kategori:Subantarktiske halvøyar