Human Rights Watch er ein USA-basert internasjonal ikkje-statleg organisasjon som støtter menneskerettane og undersøker forhold rundt dei. Organisasjonen sitt hovudkvarter ligg i New York City.
Historie
Human Rights Watch blei grunnlagd under namnet Helsinki Watch i 1978 for å overvaka om Sovjetunionen følgde punkta i Helsingfors-avtalen. Etter som organisasjonen voks danna han andre overvakingskommitear som overvaka andre delar av verda. I 1988 blei alle kommiteane samla under same paraply under namnet Human Rights Watch.
Saker og kampanjar
Human Rights Watch kjemper mellom anna
for avskaffing av dødsstraff mot tortur mot folkemord, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneska for rettane til homofile og lesbiske mot menneskehandel mot klasevåpen
Bakgrunnsstoff
Human Rights Watch - offisiell heimesida
Kategori:Menneskerettsorganisasjonar