Rebbenesøya (nordsamisk Ruobbá) er ei øy i Karlsøy og Tromsø kommune i Troms. Øya ligg nordaust for Ringvassøya. Rebbenesøya har eit areal på 80,6 km² (der 28,1 km² ligg i Tromsø kommune), og det høgaste punktet på øya er Geittinden på 694 moh. Øya hadde om lag 140 innbyggjarar i 2001.
Det er ferjesamband mellom Bromnes aust på Rebbenesøya og Mikkelvik på Ringvassøya. Fylkesvegen mellom Bromnes og Løksfjord fekk asfaltdekke i 2006/07.Asfalt på Rebbenesøya
Troms Kraft planlegg eit vindkraftverk ved Måsvik på Rebbenesøya.Vindkraftverk på Rebbenesøya
Historie I Toftefjorden på Rebbenesøya vart 12 norske kommandosoldatar frå Kompani Linge åtekne av ein tysk minesveipar 30. mars 1943. Den einaste som klarte å fly var Jan Baalsrud, som greidde å rømme til Sverige. Eit monument over dei drepne står i Toftefjorden. Baalsrud si flukt er omhandla i romanen Ni liv, som seinare vart filmatisert.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rebbenesøya» frå , den 7. april 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Bent Svinnung sine padlesider - rundt Rebbenesøya Arild Ingebrigtsen si padleside - Rebbenesøya rundt NRK: Gjestfrie Rebbenesøya
Kategori:Øyar i Tromsø Kategori:Øyar i Karlsøy