Ramaskrik er høge klagerop, ein storm av misnøye.

mini|Barnemordet i Betlehem måla av Fra Angelico.

Uttrykket har opphav i ein profeti i kap. 31 hos profeten Jeremia i Det gamle testamentet. Det lyder klagerop i Rama; Rakel græt for borna sine, som er borte. Profetien er tolka som eit varsel om barnemordet kong Herodes var ansvarleg for då han ville drepe Jesus og derfor sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre.

Rama var ein by om lag 8 km nord for Jerusalem, i stammeområdet til Benjamin. Etter ein tradisjon var Rakel gravlagd i Rama.Kai Kjær-Hansen Matteus-evangeliet, studieutgåve 1994 ISBN 82-541-0415-8 Jeremia sin profeti kan òg lesast som at Rakel gret i si grav over dei som var daude eller bortførte då Nordriket fall år 722 f.Kr., og over dei som skal bli førte i fangenskap i Babylon.

Kjelder

Kategori:Bibelske ord og uttrykk Kategori:Det gamle testamentet