Lepsøya er ei øy i Haram kommune på Sunnmøre. Ho er ein del av øygruppa Nordøyane nord for Ålesund på sunnmørskysten. Øya har eit areal på 12,1 km². Det høgaste punktet er Goaldet på 490 moh.
Øya hadde i 2004 om lag 360 fastbuande innbyggjarar, 156 hus som det bur folk i, 260 menneske frå 20 år, 100 barn og unge opp til 20 år, om lag 80 dagpendlarar og om lag 40 arbeidsplassar på øya.
Øya har barnehage og kombinert barne- og ungdomsskole. Øya er forbunde med ferje til fastlandet.
Sør for Lepsøya ligg Vigrafjorden og Vigra, medan Haramsfjorden og Haramsøya ligg i nord.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Haram prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Haram herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 228 519 431 316
Kjelder
Bakgrunnsstoff Heimeside
Kategori:Øyar i Haram