Store Tryvannet (av talet tre og vatn) er eit tjern i Nordmarka nær Holmenkollen i Oslo. Ved vatnet ligg Tryvannsstua som er ein kafé som normalt er open heile året. På åsen over vatnet ligg fjernsynstårnet Tryvannstårnet som er synleg frå dei fleste stader i Oslo. Store Tryvannet har innløp frå Skomakertjern, som ligg rett vest for Store Tryvannet, og utløp til Lille Tryvannet, som ligg nordvest for Store Tryvannet.

Kategori:Innsjøar i Oslo Kategori:Nordmarka