Breiavatnet er eit lite innlandsvatn midt i sentrum av Stavanger kommune, ved Domkyrkja.
Breiavatnet får vatn frå Mosvatnet gjennom Kannikbekken.
Naturvitskaplege undersøkinger har vist at Breiavatnet vart danna for om lag 3000 år sidan då ein del av Byfjorden vart avsnørt fordi strandnivået i området endra seg. Breiavatnet fekk avløp mot nord gjennom Skolebekken, som gjekk om lag der Klubbgata går i dag, og nådde fjorden ved Jorenholmen.
Ved vatnet ligg Byterminalen og Stavanger jernbanestasjon.
Kategori:Innsjøar i Rogaland Kategori:Geografi i Stavanger