Ingeborgvatnet (511 moh.) er eit tjern i Kvæfjord kommune i Troms. Ingeborgvatnet ligg like ved Gullholm og vert nytta som rekreasjon og fiskevatn. På 1920-talet vart det sett ut aure i vatnet, men fisken er fåtallig og nokså mager – noko som truleg skuldast mangel på tilgjengeleg mat.
Ved Ingeborgvatnet er det sett opp ei stein/tre-gamme som er mykje i bruk sommarstid og som òg inneheld sengeplassar og gjestebok. Vatnet vert vanlegvis isfritt i byrjinga av juli, sjølv om det òg kan drøye til eit stykke uti andre halvdel av månaden før den siste isen går.
Kategori:Innsjøar i Troms Kategori:Geografi i Kvæfjord